Hopp til hovedinnhold

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024

Folka bak Holli Mølle viser fram prisen.Foto: Innovasjon Norge
Holli Mølle vann den gjeve prisen for 2023. Trygve Nesje, Jonatan Ringerike og Jarle Villumstad fra Holli Mølle mottok prisen frå statsråd Geir Pollestad og Håkon Haugli, administrerende direktør i Innovasjon Norge.
Har du starta ei vellukka og berekraftig bedrift med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du bli vinnar av Bedriftsutviklingsprisen 2024 og stikke av med pengepremien på 300 000 kroner.

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

I fjor var det Holli Mølle AS frå Spydeberg som vann den nasjonale prisen. Prisen vart delt ut i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin der det var landbruks- og matminister Geir Pollestad som annonserte Holli Mølle AS som vinnar. Dei to andre nominerte som også var til stades i Berlin var Åkerkvinnene frå Larvik og Bonsak Malt AS frå Skogn.

No har du sjansen

I år kan du stikke av med sigeren, heider og ære. Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd med basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Det er også mogleg for andre enn bedriftseigar å melde på ein kandidat til prisen. Påmeldingsfristen er 20. august 2024.

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria:

  • Berekraft:
    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
  • Innovasjon/nyskaping

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
  • Det vert kåra ein vinner i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner
  • Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
  • Det vert nominert 3 kandidatar til den nasjonale prisen som blir invitert til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2025.
Publisert :
Sist oppdatert :